Om oss

 

Alvavoll

Alvavoll ligg på ei morenehøgd rett ovom Lofthusbygde, og navnet tyder på at dette har vore ein kultstad med guddommelege rørsler. På garden er det funne mange gravrøyser og ein runestein frå år 300, “Opedalsteinen”. På garden vert det i dag produsert eple, plommer, pærer, honning, saft og sider. Me tek imot grupper på vitjing og smaking.

 

 

Dei fyrste fruktdyrkarane

Munkane var dei fyrste fruktdyrkarane her i landet. Cisterciensarmunkar kom til Opedal og lærte hardingane å dyrka frukt allereie på 1100-talet. Munkane vurderte klimaet i Hardanger utifrå den naturlege vegetasjonen. Her voks hasselnøtter, som tydde på gode vilkår for kravfulle vekstar. Munkane var opptekne av byggeskikk, hagebruk og god, velsmakande mat og drikke.

 

Den unike smaken

Løyndomen bak den unike smaken på frukta frå Hardanger ligg i at sommardagane er mykje lengre her hjå oss enn i land lenger sør. Frukta får meir ljos og sol akkurat når ho treng det. Saman med fjorden, fjella og dei gudgjevne klimatiske vilkåra gjer dette at aromastoffa og fruktsyrene får betre tid til å utvikla den unike hardangersmaken.

Produkt

Hardangersider

Ekte Hardangersider produsert av eigne eple på vår eigen frukt- og sidergard.

Ta kontakt

Honning

Sommarhonning frå eigne bier.

Ta kontakt

Eplesaft

Ferskpressa eplesaft direkte frå fruktbonden.

Ta kontakt

Frukt

Plommer, eple og pærer direkte frå garden i sesong.

Ta kontakt

SIDER

Summary in English

Alvavoll Fruit & Cider farm is located just above the centre of Lofthus in the Hardanger region. We produce apples, pears, plums, honey, apple juice and cider which we sell from our farm shop.

 

We also have two beautiful apartments, Løo (the Barn)  and Potetkjellaren (the Potato cellar), which you can rent through Airbnb.

Airbnb link to Løo

Airbnb link to Potetkjellaren

For groups we offer apple juice and cider tasting, either inside in the “Munkekjellaren” or outside on the farm area. The tastings may be combined with guided tours in the fruit fields and food serving.

 

You may contact us

by email: harald@alvavoll.no

or telephone: +47 938 34 169.

 

Kontakt

Post- og besøksadresse:

Opedalsvegen 39, 5781 LOFTHUS

Epost:

harald@alvavoll.no

VI SET STOR PRIS PÅ Å HØYRE FRÅ DEG.
SEND OSS GJERNE EI MELDING.

Sender ...

Meldinga vart ikkje sendt.

Meldinga er sendt.

     Opedalsvegen 39, 5781 LOFTHUS

Munkane var dei fyrste fruktdyrkarane her i landet. Cisterciensarmunkar kom til Opedal og lærte hardingane å dyrka frukt allereie på 1100-talet. Munkane vurderte klimaet i Hardanger utifrå den naturlege vegetasjonen. Her voks hasselnøtter, som tydde på gode vilkår for kravfulle vekstar. Munkane var opptekne av byggeskikk, hagebruk og god, velsmakande mat og drikke.