Alvavoll Frukt- og Sidergard

Om oss

Familien Opedal

Garden og folka

Lofthus i Hardanger

Alvavoll ligg på ei morenehøgd rett ovanfor Lofthusbygde i Hardanger, og navnet tyder på at dette har vore ein kultstad med guddommelege rørsler. Her er det funne fleire gravrøyser og ein runestein frå år 300, “Opedalsteinen”.

På garden vert det i dag produsert eple, plommer, pærer, honning, saft og sider. 

Me er stolte av garden, og legg vekt på å formidla ekte opplevingar med gardsbesøk og sidersmaking gjennom heile året.  I sommarsesongen til faste tider, elles ope for grupper.

Den gavmilde naturen

Det særeigne og gode klimaet langs Hardangerfjorden gjev optimale vilkår for å dyrka eple og laga sider av høg kvalitet.

Munkane var dei fyrste

Dei fyrste fruktdyrkarane her i landet var munkar. Cisterciensarmunkar kom til Opedal og lærte hardingane å dyrka frukt allereie på 1100-talet.

Munkane hadde stor interesse for hagebruk og god mat og drikke, og vurderte klimaet i Hardanger utifrå den naturlege vegetasjonen. Her voks mellom anna hasselnøtter, noko som tydde på gode vilkår for kravfulle vekstar. 

Munken illustrasjon
Siderflasker i mikrobryggeriet

Produksjonen

Mikrosideri

På Alvavoll fokuserer me på å  produsere kvalitetsfrukt til sal i butikk (konsumfrukt), men beheld dei utsorterte epla sjølve til siderproduksjonen. Dette gjev oss høg verdiskaping, høg kvalitet og høg berekraft i produksjonen på garden.

Produkta frå Alvavoll er ureiste. I tillegg til eple og sider, produserer me moreller, plommer, pærer, honning og eplemost.

Bildekarusell