Alvavoll Frukt- og Sidergard

Frukthagane

Kirsebær

Lofthus i Hardanger

ideelle vekstvilkår

Løyndomen bak den unike smaken på frukta og sideren frå Hardanger ligg i at sommardagane er mykje lengre her hjå oss enn i land lenger sør. Frukta får meir ljos og sol akkurat når ho treng det.

Saman med fjorden, fjella og dei gudgjevne klimatiske vilkåra gjer dette at aromastoffa og fruktsyrene får betre tid til å utvikla den unike hardangersmaken.

Frukthagane

Alvavoll veks kvart år. Me har no i overkant av 80 dekar frukthage, og mykje av dette har me dyrka opp dei siste 8 åra.

Fruktdyrkinga i dag er tufta på gamle tradisjonar, men både  dyrkingsmetodane og sortsutvalet har utvikla seg i takt med tida.

Smaken, aromaen og sødmen på sideren varierer etter kva for eplesortar som er brukte. Dei vanlegste sortane er Aroma, Gravenstein, Summerred og Discovery. Det er eit krav til merkevaren «Sider frå Hardanger» at epla er dyrka i Hardanger. 

Frukthage og fjell
Eplehage under opparbeiding

Jordsmonnet

Isbreene som i tidlegare tider låg over Hardangerfjorden, danna sand- og morenejord. Morenemassen i Opedal er særs godt eigna til å dyrke frukt på. Det er ein blandingsmorene med både fuktbevarande og drenerande eigenskapar. 

I tillegg er det milde vintrar her og lange, solrike og ikkje for varme sommardagar – eit klima som frukttrea trivst godt med. Alt dette gjer at frukta frå Hardanger får ein frisk og syrleg smak med god balanse mellom syre- og sukkerinnhald. Ein perfekt råvare for Hardanger-sideren!