Personvernerklæring for Alvavoll Frukt- og Sidergard

Denne personvernerklæringa gjeld for Alvavoll Frukt- og Sidergard og nettstaden www.alvavoll.no.

Alvavoll Frukt- og Sidergard (organisasjonsnummer 987131497) er ansvarleg for handsaming av opplysningar om kundar og andre som har gjeve personopplysningar til nettsida www.alvavoll.no. 

Vi vil at du skal kjenne deg trygg når kjøper varer og tenester av Alvavoll eller vitjar www.alvavoll.no. Vi forsikrar deg om at personleg informasjon blir handsama på en trygg måte av oss. Vi har forplikta oss til å ta vare på personvernet ditt.

Du kan vitje mange sider på www.alvavoll.no utan å leggje att informasjon om deg sjølv. Men om du tar kontakt med oss via kontaktskjemaet på heimesida, vil informasjonen du gir der hamne i e-postkassa vår.

 

Korleis denne informasjonen blir handsama og oppbevart, kan du lese om nedanfor.

Korleis personopplysningar blir handsama

Korleis personopplysningar blir handsama

Alvavoll Frukt- og Sidergard samlar ikkje inn opplysningar om personlege betalingskort, fødselsdato eller personnummer.

Døme på informasjon vi samlar inn, og i kva for samanhengar:

  • Foretaksnamn og namn på kontaktpersonar (for kommunikasjon med kundar og andre)
  • E-postadresser (for kommunikasjon med kundar og andre)
  • Telefon- eller mobilnummer (for kommunikasjon med kundar og andre)

Korleis hentar vi inn informasjon?

Alvavoll Frukt- og Sidergard samlar inn personopplysningar gjennom

  • kontaktskjemaet på nettsida vår (www.alvavoll.no)
  • direkte munnleg og skriftleg kommunikasjon med kundane våre

Kvifor treng vi denne informasjonen?

  • For å vere i kontakt med kundane våre og for å oppfylle avtalen vi har med dei på ein rasjonell måte.
  • For ev. å kunne gi deg oppdatert informasjon om oss, varsle deg om spesialtilbod, nye produkt eller tenester.

Lagring av informasjonen

Opplysningane blir lagra på våre eigne datamaskiner, samt på vertsmaskiner/serverar hos nettleverandørane våre, One.com og Google.

  • Tenesteleverandørar/firma vi har datahandsamingsavtale med, har eige ansvar for opplysningane som er registrerte om deg hos dei (sjå nedanfor under «Utlevering av opplysningar til tredjepart»).

Bruk av informasjonskapslar (cookies)

Cookies, eller informasjonskapslar, er små tekstfiler som blir sende frå ei webside og lagra mellombels på vitjarens datamaskin. Nettsida vår, www.alvavoll.no bruker nokre cookies, men ingen informasjon blir lagra hos oss.

Alvavoll.no brukar cookies i desse samanhengane:

  • Kvar gong du vitjar heimesida vår, blir det laga ein mellombels informasjonskapsel. Denne informasjonskapselen inneheld ingen personopplysningar og forsvinn når du lukkar nettlesaren din.
  • Google Maps: Informasjonskapsel som sporar kvar brukarar navigerer på Google maps-kartet på heimesida vår. Fangar ikkje opp personopplysningar.
  • Google Analytics: Informasjonskapsel som sporar kor mange brukarar som har vore inne på heimesida. Fangar ikkje opp personopplysningar

Du legg altså ikkje igjen opplysningar om deg sjølv på heimesida vår, berre når du kontaktar oss via kontaktskjemaet.

Tilgang til og endring av personlege opplysningar

Sletting av informasjon

Kundar som har avslutta kundeforholdet sitt hos oss, kan be om at alle personopplysningar vi har lagra om dei, blir sletta.

Kravet om oppbevaring av rekneskapsmateriale gjer likevel at noko slik informasjon må oppbevarast i tråd med krav i rekneskapslovgivinga.

Utlevering av opplysningar til tredjepart

Personopplysningane du gir til oss, blir ikkje delte med tredjepartar med unntak av rekneskapsføraren vår og, i nokre tilfelle, med underleverandørar. Rekneskapsfirmaet har eit eige ansvar for opplysningane som blir registrerte om deg hos dei.

Dine rettar

Ifølgje EUs personvernforordning og norsk personopplysningslov frå 2018, har du rett til å krevje innsyn i personopplysningane vi har om deg og korleis vi handsamar opplysningane.

Du kan også krevje at vi slettar opplysningane om deg.

Dersom du meiner deg urettmessig behandla etter personopplysningslova, kan du klage til datatilsynet ( https://www.datatilsynet.no), som er tilsynsmyndigheit i Noreg.