Om oss
Garden og folka
Lofthus i Hardanger
Alvavoll ligg på ei morenehøgd rett ovanfor Lofthusbygde i Hardanger, og navnet tyder på at dette har vore ein kultstad med guddommelege rørsler. Her er det funne fleire gravrøyser og ein runestein frå år 300, “Opedalsteinen”.
På garden vert det i dag produsert eple, plommer, pærer, honning, saft og sider.
Me er stolte av garden, og legg vekt på å formidla ekte opplevingar med gardsbesøk og sidersmaking gjennom heile året. I sommarsesongen til faste tider, elles ope for grupper.
Den gavmilde naturen
Det særeigne og gode klimaet langs Hardangerfjorden gjev optimale vilkår for å dyrka eple og laga sider av høg kvalitet.
Munkane var dei fyrste
Dei fyrste fruktdyrkarane her i landet var munkar. Cisterciensarmunkar kom til Opedal og lærte hardingane å dyrka frukt allereie på 1100-talet.
Munkane hadde stor interesse for hagebruk og god mat og drikke, og vurderte klimaet i Hardanger utifrå den naturlege vegetasjonen. Her voks mellom anna hasselnøtter, noko som tydde på gode vilkår for kravfulle vekstar.
Produksjonen
Mikrosideri
På Alvavoll fokuserer me på å produsere kvalitetsfrukt til sal i butikk (konsumfrukt), men beheld dei utsorterte epla sjølve til siderproduksjonen. Dette gjev oss høg verdiskaping, høg kvalitet og høg berekraft i produksjonen på garden.
Produkta frå Alvavoll er ureiste. I tillegg til eple og sider, produserer me moreller, plommer, pærer, honning og eplemost.