Alvavoll Frukt- og Sidergard

Opplevingar og gardsutsal

Gårdssalg-produkter

Gardsutsal

Alvavoll har løyve til å produsera, skjenka og selja Hardangersider, eplesaft, frukt og honning frå eigen produksjon. I sesongen sel me også honning og eplemost frå boden på kaia i Lofthus sentrum.

Gardsutsalet er ope mellom kl. 10 og 18 måndag til laurdag. Sundag stengt. Ta kontakt på telefon 938 34 169

Sidersmaking

Me tek imot grupper på sidersmaking heile året. I sesongen startar me med å gå gjennom frukthagane.

Når me kjem attende til garden, er det gjort klart til smaking på fleire sortar sider, ev. nypressa eplesaft om ein vil ha noko utan alkohol.

Me kikkar også på produksjonsanlegget og pratar om historie og kultur.

Tidsbruk: Om lag 90 minutt. Minimum 10 personar. Pris 435 kr per person.

FINGERMAT:
Me kan i tillegg servera fingermat (ost/spekeskinke) til 275 kr per person (lett lunsj), samt oppgradert fingermat til 325 kr per person (fullt måltid).

Sidersmaking og skåling
Hagevandring

Hagevandring

I sesongen (april til oktober) tilbyr me hagevandring saman med smakinga.

Me fortel om fruktdyrkinga på garden og  korleis den har utvikla seg frå dei fyrste spreidde forsøka da munkane kom til Alvavoll og til dagens  moderne og berekraftige næring. 

Gjestane får også forklaring på kvifor frukta og sideren frå Hardanger er av så høg kvalitet.

Hagevandring med sidersmaking

Me tilbyr hagevandring med sidersmaking kvar dag kl. 17 i samarbeid med Opedalstunet. (Sundag stengt) Oppmøte ved Hotel Ullensvang Påmelding til tlf. 938 34 169, tastehardanger.com eller epost til harald@alvavoll.no. (Frå 15 mai)

Siderplanke med tapasfjøl
Obs: Servering er stengt i veke 28, Drop in is closed in week 28
Me tilbyr siderplanke og tapasfjøl i gardstunet onsdag - Laurdag frå kl  13 - 18

We offer drop in tastings with tapas wednesday -saturday from 13.00 - 18:00

Orchard walks with cider tasting 

We offer guided orchard walks with cider tasting every day at 5 pm. (Sunday closed) Starts at Hotel Ullensvang Please call +47 938 34 169 or use our contact form to book. (From May 15)

Du kan og melde deg på her

Guide på mobil

Klikk på eller ta eit mobilbilete av denne QR-koden og last ned appen VON (Voice of Norway).

Voice of Norway er ein turguide-app for smarttelefonar. I appen kan du velje rute og språk for området du ynskjer å besøke. Under «Parker, vandringer og utemuseum» finn du til dømes «Frukt- og siderstien i Hardanger». Her kan du gjennom ord, lyd og bilete læra om historia, frukta og sideren mens du vandrar.

På Alvavoll og garden Opedal starta den norske frukt- og siderproduksjonen attende på 1200-talet. På gardsutsalet vårt kan du kjøpa med deg sider, most og honning. God tur!